top of page

Litt om Eline
Eline Jacobsen Lillestøl er 24 år gammal frå Nordfjordeid i Vestland. Ho har ein bachelorgrad innan musikkteater frå skulen Institute for Contemporary theatre I England og held no på med ein mastergrad i Drama og teater ved NTNU i Trondheim. Ved sidan av studiene jobbar ho som danselærer ved Trondheim kommune og syng i TKS og Knauskoret. Ho har nyleg opptredd på Trondheim Fringe med førestillinga "Hvalross, eller hva?" der ho hadde regi og var skodespelar.
I fjor sat ho opp sin eigen musikal i Operahuset Nordfjord der ho var produsent, kunstnarleg ansvarleg og regissør. Ho har også nyleg vore med i Opera Nordfjord si oppsetjing av musikalen "jorden rundt på 80 dagar" som dansar og i ensemble.
Om: Bio
bottom of page